Øyvind Rimbereid

Øyvind Rimbereid (f. 1966, Noreg) er forfattar og lyrikar og ein av dei mest markante og nyskapande poetiske røystene i norsk samtidslitteratur. Han debuterte med noveller i 1993 og har seinare blitt heidra med ei rekke prisar for diktsamlingane sine. Rimbereid mottok Kritikarprisen for Solaris korrigert (2004) og i 2008 blei han nominert til Nordisk Råds litteraturpris for samlinga Herbarium, som han same året mottok Brageprisen for. Han har mottatt Doblougprisen og Gyldendalprisen, og i 2014 blei han på nytt tildelt Kritikarprisen, for Orgelsjøen (2013), noko som gjer han til den einaste lyrikaren som har vunne Kritikarprisen to gongar. I 2023 blei han tildelt Triztan Vindtorn poesipris. Han er cand.philol. med hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen og var i fleire år undervisningsleiar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.