Vilde Tuv
Vilde Tuv (f. 1986, Noreg) er artist, låtskrivar, komponist og musikkprodusent. Ho er kjend som eit «einkvinnesorkester» som byr på gitar, trommer, blokkfløyte og synthar på same tid og har hausta åtgaum for sine særeigne tekstar og melodiar. Ho mottok Spellemann i kategorien Elektronika for andrealbumet Melting Songs (2021). Samarbeid og komponering for danseframsyningar, film og gallerirom har dei siste åra blitt ein stadig viktigare del av arbeidet hennar. I 2023 laga Vilde Tuv og Anna Kleiva tingingsverket Solplomme til Dei nynorske festspela i Ørsta. Tuv komponerte musikken og Kleiva skreiv dikta.