Skip to the content

Dato: 09.02.2024

Tid: 14:30 - 15:15

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Klimakamp i litteraturen

I 2022 var det seksti år sidan Rachel Carson gav ut Den tause våren (Silent spring opprinneleg omsett av Torolf Elster i 1963. Nyomsetjing ved Christian Heyerdahl), som blei ein klassikar, og som er rekna som det litterære startskotet for miljøkampen. Kva betyr denne boka for forfattarar som tar med seg sitt eige miljøengasjement inn i skriveprosessen? Brit Bildøen har gitt ut fleire bøker der miljø og natur står sentralt, no sist Gult farevarsel. Ho møter Anne Karin Sæther, sjølv aktuell med boka Må vi slutte med olje?, til samtale om korleis kampen for merksemd om miljø og klima viser seg i litteraturen.

I samarbeid med klimafestivalen Varmere, våtere, villere.

Del Innhald