
Dato: 08.02.2024
Tid: 20:00 - 20:45
Stad: Auditoriet
Pris: 190/80 (student)
Inga tru på notida
Tidlegare politikar og no samfunnsredaktør i E24 Torbjørn Røe Isaksen gav nyleg ut boka Ingen tror på nåtiden. Her lanserer han omgrepet 89-arar. Ein 89-ar er fødd på syttitalet og opplevde Berlinmurens fall og oppløysinga av Sovjetunionen. Nittitalet var prega av utviklingsoptimisme og tru på globaliseringa, og ingen såg føre seg at det kunne bli ny krig i Europa. Men kva har skjedd no? Korleis hamna vi her, med eit aggressivt Russland, eit polarisert debattklima og eit endra og usikkert verdsbilde?
Mah-Rukh Ali er nokre år yngre enn Røe Isaksen, men er likevel i same generasjon. Dei to vil diskutere dei store endringane som fann stad for 25 år sidan, den vanskelege notida og korleis vi kan få trua og optimismen tilbake.