Skip to the content
}

Gunnstein Akselberg

Gunstein Akselberg (f. 1949, Noreg) er lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Han blei cand.philol ved Universitetet i Bergen i 1979, og i 1995 tok han doktorgrad med avhandlinga Sosiolingvistiske tilhøve i Voss kommune. I 1997 blei han professor i nordisk språk ved Universitetet i Bergen.

Akselberg har vore redaktør for tidsskrifta Namn og Nemne og Nordica Bergensia. I 2008 gav han ut boka Ord og uttrykk frå Hordaland.

I mange år var han ansvarleg for språkspalta «Snakk med oss» i NRK Hordaland, og sidan 2017 har han vore språkekspert i «Eides språksjov» på NRK.

Del Innhald