- Dato:
- 10.02.2024
- Tid:
- 17:00 - 17:45
- Stad:
- Auditoriet Trond Mohn
Nye stemmer frå Bergen og Durban
Amanda Hersvik, Lea Bakken, Nomthandazo Shandu, Andisa Mpisi, Kwandile Hadebe, Abongile Tyopo,Julia Martinčič

Andisa Mpisi (1991, Sør-Afrika) er forfattar, regissør, skodespelar, drama- og teaterpedagog.
Ho har ein bachelorgrad i dramatikk frå universitetet i Witwatersrand.
Ho har grunnlagt The A-Team Art Academy, som har som mål å hjelpe unge menneske med å oppdage og utforske verktøy for å styrke seg sjølv innan kunst, mellom anna gjennom skodespelarverkstader, skuleturnear og verkstader for kreativ skriving.
Andisa fekk eit debutantstipend frå Business Arts South Africa som ho brukte til å gi ut si første bok. Andisa samarbeider med kuratorteama for festivalane Poetry Africa og Time of the Writer.