
- Dato:
- 11.02.2023
- Tid:
- 18:30 - 19:30
- Stad:
- Olav H. Hauge
- Pris:
- 190/80 (student)
Spør forfattaren!
Forfattarmytane er mange, og no kan du vere med å avdekke dei! Forfattarane Mímir Kristjánson og Janne Stigen Drangsholt kjem frå Stavanger for å svare på spørsmåla dine om korleis dei arbeider, kva dei et, drikk og gjer for å bli inspirerte. Frode Helmich Pedersen fører an i jakta på sanninga om stort og smått og inviterer publikum til å ta del i grundige undersøkingar av korleis det eigentleg er å vere forfattar.
Send inn spørsmåla dine allereie no til info@litfestbergen.no.




