Dato: 11.02.2023
Tid: 14:00 - 14:45
Stad: Auditoriet
Pris: 190/80 (student)
Raseri i Sørfjorden
Handlinga i Leander Djønne sin romandebut Oskespiralen går føre seg inst i fjorden, mellom stupbratte fjell. I ei arkaisk tid med menneske i eit nærast fysisk forhold til naturen møter vi ein familie som er gjennomstrøymd av vald og raseri.
Hovudpersonen Halvard Bergstø i Lars Ove Seljestad sin roman Eitranes har erfaringar frå det same landskapet, men i ein heil annan kultur. Eitranes er namnet på ei bygd, Bergstø er også «eitranes» forbanna når han kjem tilbake til industristaden der han vaks opp. Forfattarane møter Jan H. Landro til samtale.