Lars Ove Seljestad
Lars Ove Seljestad (f. 1961, Noreg) er sosiolog og forfattar.
Han blei cand.polit ved Universitetet i Oslo i 1995. I 2004 gjekk han på Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Han debuterte i 2005 med romanen Blind, som fekk mykje merksemd, ikkje minst fordi han sette omgrepet klassereise på dagsordenen i norsk offentlegheit. Sidan 2005 har Seljestad gitt ut sju romanar, to diktsamlingar og ei sakprosabok. I 2022 kom romanen Eitranes.