Skip to the content

Dato: 12.02.2023

Tid: 13.00 - 13.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Rasande god retorikk i Bergen

Bergensaren Frank Aarebrot meinte det ikkje var grenser for kva bergensarar kan krangle om. Historikar og bergensar Morten Hammerborg har skrive den boka Bergenseren om kva som gjer ein bergensar til ein bergensar. Forfattar og bergensar Alfred Fidjestøl gav i haust ut ein biografi om bergensaren Georg Johannesen – ein mann som alltid var full av forakt for og full av kjærleik til Bergen. Kritikar og bergensar Preben Jordal diskuterer med Hammerborg og Fidjestøl kva som gjer ein bergensar til ein bergensar, og særleg kva bergensk retorikk eigentleg er.

Del Innhald