Skip to the content

Dato: 09.02.2023

Tid: 19.00 - 19.45

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Rasande far

Martin Eia-Revheim vaks opp med ein valdeleg og alkoholisert far. Våren 2022 kom boka Å sette sammen bitene, der han går inn i fleire av hendingane og skriv om kva dei har gjort med han.

Clemens Saers, læraren som blei overfallen og nær drepen av elevar på arbeidsplassen sin, har saman med forfattar Knut Lindh skrive boka Clemens Saers: Lærer på liv og død. I den første delen av boka fortel han om oppveksten sin som i ein søskenflokk på fjorten må takle ein aggressiv og valdeleg far.

Både Martin Eia-Revheim og Clemens Saers har hatt flotte yrkeskarrierar og har sjølve stifta familie. Korleis har opplevingane med ein slik far påverka dei? Dei møter journalist Kjersti Mjør til samtale om vald, fedrar og søner.

Del Innhald