Skip to the content

Dato: 09.02.2023

Tid: 16.45 - 17.30

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Menneske som natur

«Ein viltveksande roman» har Rosarium av danske Charlotte Weitze blitt kalla. Romanen handlar om ein botanikar på jakt etter ei heilt spesiell rose, ein gut som kanskje er jente, eit søskenpar som gøymer seg i ein stor skog i Polen under krigen mot Russland – og det å trekke naturen inn i kroppen. Naturen er grunnlaget for menneska sin eksistens, og likevel har vi vanskar med å ta dei gode avgjerslene på vegner av naturen og oss sjølve. Charlotte Weitze samtalar med forfattar og klimarådgivar Anne Karin Sæther om menneske, naturen og litteratur.

Del Innhald