Skip to the content

Dato: 11.02.2023

Tid: 16.15 - 17.15

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Kolerisk kvartett

Sinte kritikarar har vi hatt like lenge som det har vore aviser og bokmeldingar. Og den såkalla slaktinga har ein tvitydig status: Somme foraktar det og ser det som uttrykk for vrang vilje og aggresjon, mens andre beundrar det for underhaldningsverdien og konfrontasjonslysta. Under alle omstende er det ei kjensgjerning at kritikarar frå tid til anna hissar seg opp i møte med bøkene dei melder.

Kolerisk kvartett vil diskutere – og kanskje også demonstrere – korleis kritikaren sitt raseri kan fungere produktivt og inspirerande eller vere destruktivt og avgrensande. Med kritikar og omsettar Preben Jordal, kritikar Thula Kopreitan, kritikar og professor Frode Helmich Pedersen. Litteraturprofessor Eirik Vassenden leiar samtalen.

Thula Kopreitan har dessverre måtte melde forfall til denne programposten. Ho vil bli erstatta av Sandra Lillebø.

Del Innhald