Skip to the content
}

Skuleprogrammet LitFestUng 2023

Over 800 elevar både frå ungdomsskular og vidaregåande skuler i Bergen deltok på årets skuleprogram, som bestod av 18 programpostar med ni ulike forfattarar.

LitFestBergen ønsker med skuleprogrammet å auke interessa for litteratur og lesing blant ungdom. LitFestBergen sitt skuleprogram har ein tematisk inngang til litteraturen, og tar opp emne som engasjerer dei unge, som betyr noko i deira kvardag.

I planlegginga hadde vi også sett saman ein arbeidsgruppe med lærarar frå tre ulike skuler, som gav gode råd og innspel til programmering og opplegg.

Dei tverrfaglege temaa frå Utdanningsdirektoratet (folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og bærekraftig utvikling) var med då vi utarbeidde skuleprogrammet for 2023. Litteraturen, både sakprosa og skjønnlitteratur, er utgangspunktet og vi delar skuleprogrammet inn i tre bolkar: 

1. Rasisme og identitet

Martin Eia-Revheim har skrive ei opprørande historie om omsorgssvikt og vald i heimen. I boka Å sette sammen bitene skildrar Revheim eit komplisert og vanskeleg tema mellom ein son og hans far. Eia-Revheim blei intervjua av ungdomsskuleelevar frå Blokkhaugen skule og av vidaregåande elever frå Nordahl Grieg.

I Ordbok for overlevelse deler Ingeborg Senneset eigne erfaringar om den vanskelege vegen frå ungdom til vaksen gjennom tema knytt til angst, skam og tilhøyrsel. Også ho blei intervjua av ungdomsskulelevar.

I sin debutroman, Han, Solo, fortel Robin Van de Walle om ein plutseleg kjærleikssorg som førar til ein ny refleksjon kring eiga liv, identitet og tilhøyrsel. Robin heldt føredrag.

 

2. Natur og klima

I si bok Rosarium skriv danske Charlotte Weitze om samanhengen mellom menneske, planter og det biologiske. Inspirert av det eventyrlege og fantasifulle fortel boka historia om korleis naturen kanskje overlever menneska. Weitze heldt føredrag. Elevane hadde lese boka på dansk, slik vart dette òg ein innføring i dansk både munnleg og skriftleg.

Kvenske M. Seppola Simonsen har skrive diktsamlinga Hjerteskog // Syđänmettä. Samlinga foreinar identitet og språk, menneske og natur gjennom ei blanding av norske og kvenske ord. M. Seppola Simonsen heldt føredrag.

 

3. Ytringsfridom og polarisering

Forfattar Anne Bitsch har tidlegare skrive bok om Benjamin Hermansen-saka og er no aktuell med boka Den norske skyld om rettssaka til Philip Manshaus. Ho ser her vidare på kvifor høgreekstremisme appellerer til enkelte unge gutar. Ho blei intervjua av elevar og hadde ein samtale med Jørgen Watne Frydnes.

Ingen mann er en øy tar føre seg gjenreisinga av Utøya etter 22. juli. Jørgen Watne Frydnes er dagleg leiar av øya, og i boka skildrar han korleis det er å prøve å skape noko meiningsfylt ut av det meiningslause. Han hadde samtale med Nikolas Dale Skjerping, ein av dei overlevande frå Utøya.

Med sitt eige heimland Sør-Afrika som bakteppe, har forfattar Richard Conyngham, saman med seks forskjellige illustratørar, skrive den grafiske romanen All Rise: Resistance and Rebellion in South Africa. Boka gjenopplivar seks ukjente historier om motstand mot landets kolonistyre i åra før apartheid. Conyngham heldt føredrag.

Dette har vore eit stort engasjement i klassane, nokre klassar har valt å nytte dei aktuelle bøkene for å skrive særoppgåve, medan andre har utvikla diktopplesingar eller eigne konkurransar. Fleire lærarar har valt å bruke bøkene tverrfagleg, sidan dette er tema som passar til alt frå naturfag til engelsk, norsk og samfunnsfag.

 

Tusen takk for innholdsrikt og spennende program. God respons fra elevene, de lærte en hel del.

Takk for flott opplegg og gjennomføring! Tilbakemeldinga frå elevane var at dette var interessant og givande. Hjerteskog fekk me jobba med på skulen, og me fekk ein fin utforskande samtale om innhaldet i klassen, med flott utfyllande intervju og samtale på Litfest. All rise fekk me ikkje jobba med før opplegget, men eg kjem til å bruka den som inspirasjon/motivasjon for eit prosjekt "Min familie i historien". Engelsklærarar har også vist interesse for å bruka boka, så den går inn i ressurssamlinga på skulen. The Lighthouse of Stalingrad fungerte fint som forelesing, den høvde godt til temaet me jobbar med i historie no.

Del Innhald