- Dato:
- 10.02.2023
- Tid:
- 15:00 - 15:45
- Stad:
- Auditoriet
Dei radikaliserte
Anne Bitsch, Jørgen Watne Frydnes, Øyvind Strømmen

Øyvind Strømmen (f. 1980, Noreg) er ein norsk journalist, omsettar og forfattar. Han har studert høgreekstremisme i ei årrekke og har publisert fleire bøker om ekstremisme og radikalisme.
Etter terrorangrepet på Utøya i 2011, blei Strømmen ein etterspurd kommentator. Dei påfølgande månadane brukte han på å kommentere og skrive om gjerningsmannen sin ideologiske inspirasjon. Same år vart han kåra til Årets frilanser av Frilansjournalistene for arbeidet med å kartlegge og følge islamfiendtlege miljø på nettet.
I 2021 kom boka Giftpilen. Konspirasjonsteorier og deres ødeleggende kraft. Her skriv Strømmen om korleis konspirasjonsteoriar truar samfunnsdebatten og sosiale relasjonar.