Skip to the content

Dato: 10.02.2023

Tid: 15.00 - 15.45

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Dei radikaliserte

Forfattaren Anne Bitsch har skrive bok om Benjamin Hermansen-saka og er no aktuell med Den norske skyld om rettssaka mot Philip Manshaus, som drap den adopterte stesøstera si, Johanne Zhangjia Ihle-Hansen, før han angreip Al-Noor-moskeen i Bærum. Bitsch utforskar kvifor høgreekstremisme appellerer til enkelte unge gutar som finn kvarandre gjennom hatprat på internett. Jørgen W. Frydnes leia det vanskelege arbeidet med å gjenreise Utøya etter terroråtaket i 2011 og gav ut boka Ingen mann er en øy om det som skjedde. Øyvind Strømmen har skrive boka Giftpillen om konspirasjonsteoriar – kva dei er, og kvifor dei er farlege, og han snakkar med Bitsch og Frydnes om korleis det ytre høgre har utvikla seg dei siste tjue åra i Noreg og i resten av verda.

Del Innhald