Skip to the content
Unsplash

Dato: 12.02.2022

Tid: 16.15 - 17.00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Tilbake til framtida

Bli med på ei apokalyptisk og til tider absurd reise til framtidas natur. 

Amerikanske Elizabeth Kolbert er journalisten som gjorde uttrykket «den sjette utryddinga» allment kjent – omgrepet som beskriv korleis vi er i ferd med å gjennomføre den største utryddinga av liv sidan ein asteroide utsletta dinosaurane for 66 millionar år sidan. No har den Pulitzer-vinnande forfattaren skrive Under a White Sky, der ho formidlar korleis menneska ved hjelp av teknologien prøver å halde liv i, eller rekonstruere, naturen. Kolbert møter fysikaren, klimaforskaren og forfattaren Bjørn Samset til ein samtale om menneska, naturen og framtida.

Kolbert deltar direkte og digitalt frå USA, og samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald