Skip to the content

Dato: 11.02.2022

Tid: 16.00 - 16.45

Stad: Alver

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Slik blir du kvitt klimaangst

Klimatoppmøtet COP26 i Glasgow er over, og FN kjem med stadig nye og skremmande rapportar om tilstanden på jorda. Mange kan få klimaangst og bli handlingslamma ovanfor konsekvensane av ein stadig varmare klode. Klimaforskar ved Cicero og ein av forfattarane bak FN sin siste klimarapport, Bjørn Samset, gav nyleg ut boka 2070, der han peiker på kva som kan gjerast for å få verda ut av klimakrisa. Boka blei nominert til Brageprisen.

Anja Bakken Riise er leiar av Fremtiden i våre hender og har gitt ut boka Mitt klimaregnskap, der ho ser på det kvar og ein av oss kan gjere reint praktisk for å bremse utviklinga. Saman med samtaleleiar Anne Karin Sæther frå Footprint vil Bakken, Riise og Samset snakke om tiltak, klimakunnskap og det å drive formidling utan å skape avmakt og utan å skremme for mykje.

Del Innhald