Skip to the content
John Erik Riley

Dato: 10.02.2022

Tid: 15.15 - 15.45

Stad: Alver

Pris: 80/40 (student)

Kjøp Billettar

Sand i maskineriet. Føredrag av John Erik Riley

Kva skjer med forholdet vårt til fotografia når dei blir tatt for å bli delte i ein straum på nettet, i eit evig no, og ikkje for å ta vare på augneblikk for ettertida? Og kva skjer med forholdet vårt til vår eiga historie?

Med utgangspunkt i kjende teoretikarar som Susan Sontag og John Berger, undersøker John Erik Riley forskjellen mellom bilde før og no. Han ser på kva som har gått tapt, og kva vi må prøve å ta vare på.

I føredraget hentar han inspirasjon mellom anna frå Eugène Atgets klassiske bilde frå tomme Paris-gater og eigne turar i den amerikanske ørkenen, der han har forsøkt å reinse blikket.

Korleis kan vi ta tilbake forholdet vårt til kameraet? Kan det framleis vere eit verktøy for tenking, og hjelpe oss å sjå på ein annan måte?

Del Innhald