Skip to the content
Unsplash

Dato: 12.02.2022

Tid: 12.00 - 13.00

Stad: Auditoriet

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Korleis bygge litterære karakterar?

Korleis tar ein litterær karakter form? Å bruke levande modellar er ein metode, men kan ein også bygge ein karakter frå eigen fantasi, frå oske og støv, og skape eit individ som ikkje enno finst? Kvar går ein for å finne gode modellar, korleis bygger ein opp ein karakter?

Marit Eikemo har i forfattarskapen sin etablert seg som ein skarp observatør av samtida, både gjennom essaysamlinga Samtidsruinar og gjennom fleire romanar der vi møter personer som strever i møtet med samfunnet sine forventingar. I den siste boka hennar Team Tuva møter vi hovudpersonen Tuva som berre blir skildra gjennom andre sitt blikk, av menneska ho møter.

Jan Kjærstad debuterte i 1980 og har eit omfattande, variert og prislønt forfattarskap bak seg. I den siste boka si En tid for å leve tar han utgangspunkt i tolv ulike personar si oppleving av ei teaterpremiere.

Tidlegare journalist og teatermelder i Bergens Tidende og Dag og Tid, Jan H. Landro, er samtaleleiar.

Del Innhald