Skip to the content

Dato: 11.02.2022

Tid: 14.00 - 14.45

Stad: Auditoriet

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

I detaljane

Handlinga i palestinske Adania Shibli si bok Minor Detail frå 2020 byrjar sommaren 1949 når israelske soldatar skyt mot ei gruppe beduinar i Negev-ørkenen. Blant offera er ein palestinsk tenåring som blir tatt til fange og deretter valdtatt, drepen og graven ned i ørkensanden. Fleire tiår seinare kjem ei ung kvinne i Ramallah over saka i ei avis og blir fast bestemt på å avdekke sanninga om detaljane kring dette brotsverket, noko som får politiske følger.

Minor Detail, som er omsett frå arabisk, er den tredje romanen til Adania Shibli. Boka blei nominert til The National Book Award i 2020 for beste omsetting og langlista til The International Booker Prize i 2021. Boka kjem snart på norsk.

Shibli kjem til Bergen for å ha ein samtale med Daniel Medin, professor i litteraturvitskap ved det amerikanske universitetet Paris.

Samtalen vil vere på engelsk

Del Innhald