Skip to the content
Wikimedia Commons

Dato: 11.02.2022

Tid: 19.30 - 20.30

Stad: Alver

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Eit fritt liv

«Ain’t I a Woman?» var tittelen på ein tale som den tidlegare slaven Sojourner Truth heldt i 1851. Dei kvinnelege slavane blei fråtatt menneskeverdet dobbelt opp – både fordi dei var slavar, og fordi dei var kvinner. Kampen for anerkjenning som kvinne og som svart er ein raud tråd i boka Against White Feminism av den pakistansk-amerikanske advokaten Rafia Zakaria. Den rolla som dei kvinnelege slavane spelte i frigjeringsrørsla, er temaet i den grafiske memoaren Wake av juristen og historikaren Rebecca Hall. Korleis kjem denne historia til syne i dagens USA? Dei to forfattarane møter Anine Bråten til ein samtale om kamp, om mot og om frigjering.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald