Dato: 12.02.2022
Tid: 13:15 - 14:00
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 160/80 (student)
Dei usynlege spora
Kva synlege og usynlege spor står igjen etter eit folkemord, og blir avtrykk i sjela overleverte til neste generasjon? Korleis handterer ein stilla, spøkelsa, og alt det ein har forlate?
Beata Umubyeyi Mairesse kom til Frankrike som tenåring etter å ha overlevd folkemordet i Rwanda i 1994, der nesten ein million menneske blei drepne. Etter fleire år med humanitært arbeid debuterte ho som forfattar i 2015 med den prisvinnande novellesamlinga Ejo. Ordet ejo betyr både ’i går’ og ’i morgon’, og tilværet før og etter 1994 er noko som går igjen i skrivinga hennar. I 2017 gav ho ut novellesamlinga Lézardes, og i 2019 diktsamlinga Après le progrès. Hennar siste bok er romanen Tous tes enfants dispersés («alle dine spreidde born») som kom ut i 2021.
Beata Umubyeyi Mairesse snakkar med professor i journalistikk ved OsloMet Kristin Skare Orgeret. Samtalen vil vere på fransk og blir tolka direkte av Christina Mediaas.