Skip to the content
}

Beata Umubyeyi Mairesse

Rodolphe Escher © Flammarion

Beata Umubyeyi Mairesse (f. 1979, Rwanda) er ein fransk-rwandisk forfattar. Ho kom til Frankrike som 15-åring etter å ha flykta frå folkemordet i 1994, der nesten ein million menneske blei drepne. Etter studie i litteratur, politikk, internasjonalt samarbeid og utvikling, jobba ho lenge med humanitært arbeid for internasjonale organisasjonar. 


Skrivinga starta med eit ønske om å formidle opplevingane rundt dei brutale hendingane i Rwanda i 1994. Mairesse debuterte med den prisvinnande novellesamlinga Ejo (2015). Ordet ejo betyr både ’i går’ og ’i morgon’, og tilværet før og etter 1994 er noko som går igjen i skrivinga hennar. I 2017 gav ho ut novellesamlinga Lézardes, og i 2019 diktsamlinga Après le progrès. Hennar siste bok er romanen Tous tes enfants dispersés («alle dine spreidde barn») som kom ut i 2021.  

Del Innhald