Skip to the content
}

Linn Ullmann og Vanessa Springora kjem til LitFestBergen 2022

LitFestBergen 2022 nærmar seg med stormskritt. 9.–13. februar skjer det, og Literature Live Around the World startar allereie 5. februar.

Fullt programslipp blir 12. januar, men i mellomtida har vi gleda av å kunngjere to av forfattarane som kjem til festivalen, nemleg Linn Ullmann og Vanessa Springora. 

Begge forfattarane er aktuelle med bøker som belyser spørsmål knytta til #MeToo, og inkluderar handling i Paris, korleis det er å vere ung jente og så sjå tilbake på ting fleire tiår seinare. 

Linn Ullmann (f. 1966 i Oslo) er forfattar, kritikar og journalist. Med debuten Før du sovner fra 1998 etablerte ho seg raskt som ein relevant og internasjonal forfattar, og i år er ho aktuell med boka Jente, 1983. Her møter vi ei kvinne som opplever at livet og verda utanfor slår sprekker, samtidig som ho dykkar ned i fortrengte minne og prøver å forstå den jenta ho var då ho var seksten.

Vanessa Springora (f. 1972 i Paris) er forfattar, filmregissør og forlagssjef for franske Julliard. Ho fekk mykje merksemd og vekte stor debatt i Frankrike med boka Samtykket i 2020, som i år blei omsett til norsk. Her skildrar ho forholdet med den anerkjende forfattaren Gabriel Matzneff frå då han var 49 og ho berre 14. Springora børster støv av ei tid og eit miljø der dette var noko dei vaksne vendte blikket vekk frå, eller i verste fall oppfordra til.  

Del Innhald