Skip to the content
Nrk

Dato: 13.02.2021

Tid: 18.30 - 19.30

Stad: Auditoriet

Pris: 40 (strøyming)

Kjøp Billettar

Norsken, svensken, dansken – festivalspesial (digitalt)

Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen har vi ikkje moglegheit til å ha publikum i Auditoriet. Dei som har kjøpt billettar vil få dei refundert. Strøymebillettar er tilgjengelege på ticketco.no (følg billettlenka).

Panskandinavisk familieterapi kallar dei det. Kulturjournalist og forfattar Åsa Linderborg i Sverige og forfattar og dramatikar Hassan Preisler i Danmark møter kvar veke journalist og redaktør Hilde Sandvik frå Noreg i radioprogrammet Norsken, svensken og dansken i NRK, DR og SR. Der tek dei opp stort og smått som har skjedd i offentlegheita i løpet av den siste veka. Målet er å gi ei større forståing av kor like og ulike dei tre landa opplever samfunnet rundt seg. 

Med festivaltemaet «Generasjonar» i bagasjen tar dei turen til LitFestBergen og lar publikum ta del i terapien. 

Del Innhald