Skip to the content
}

Åsa Linderborg

Åsa Linderborg (f. 1968, Sverige) er svensk forfattar, historikar og kulturskribent. Ho avla doktorgradseksamen i historie ved Uppsala Universitet i 2001, og var som ung aktiv i Vänsterpartiet Kommunisterna og i Kommunistisk Ungdom. Frå 2009 til 2019 arbeidde ho som kulturredaktør i Aftonbladet.

For sin debutroman, Mig äger ingen (2007), blei ho nominert til Augustprisen, og ho hausta stor anerkjenning for den sterke og sjølvbiografiske skildringa av oppveksten sin med ein alkoholisert far. I 2020 gav ho ut sin andre roman, Året med 13 månader – En dagbok, der lesaren får innsyn i Linderborg sine dagbøker frå hausten 2017 til hausten 2018- ein periode då det storma for Linderborg både på den private og profesjonelle fronten. 

Del Innhald