Skip to the content
Eskinder Debebe

Dato: 14.02.2021

Tid: 12.00 - 12.30

Stad: Youtube

FNs sikkerheitsråd og norsk sjølvkjensle (digitalt)

Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen har vi ikkje moglegheit til å ha publikum i Auditoriet. Dei som har kjøpt billettar vil få dei refundert.

Dette arrangementet kan du sjå gratis på YouTube.

Etter lobbyverksemd iført rosa sokker, har Noreg for femte gong fått ein toårsperiode i det mektigaste rådet i verda. Idet LitFestBergen 2021 går av stabelen, har Noreg akkurat funne stolen sin i FNs sikkerheitsråd. Kva vil det bety at vi har kapra denne plassen – ut over at det er herleg å sole seg i glansen frå dei mektige? 

Polariseringa blant dei faste medlemmene i rådet, Russland, Kina, USA, Frankrike og Storbritannia, kan gjere det vanskeleg å arbeide for det sikkerheitsrådet blei danna for å gjere: Sikre verdsfreden. Korleis var dei føregåande periodane i rådet for Noreg og kva blir dei største utfordringane i 2021–22? Journalist Tove Gravdal, forfattar av boka Til bords med de mektige, forklarer. 

Del Innhald