Dato: 11.02.2021
Tid: 10:00 - 10:45
Stad: Auditoriet
Ein vegvisar i klimaopprøret
Gaute Eiterjord er tidlegare leiar av Natur og Ungdom og kjemper for klimaet. Han har skrive boka Klimaopprøret, med den talande undertittelen Kunsten å hamle opp med tafatte politikarar, klimafornektande gubbar og andre nettroll som øydelegg framtida di. Gaute Eiterjord fortel om kva som står på spel og korleis ein sjølv kan engasjere seg. Forfattaren blir intervjua av elevar.
Aktuell bok: Klimaopprøret (Aschehoug, 2020)
Lukka arrangement for skular (blir òg strøymt)