Skip to the content

Dato: 14.02.2021

Tid: 14.00 - 14.40

Stad: Bergen Offentlige Bibliotek

365 PINGVINAR med Open Window Theatre, søndag 2

Tenk deg at det plutseleg ein dag bankar på døra di. Postbodet gir deg ein pakke med namnet ditt på. Du opnar spent pakken og inni er det ein – pingvin! Ikkje ein leiketøypingvin, men ein ekte, levande pingvin! Tenk deg det 365 gonger …

Ein familie strevar seg gjennom eit år med stadig fleire uønska gjestar. I denne kaotiske situasjonen kan matematikk kome til nytte: telje, sortere og ordne. I tillegg kan eit godt samarbeid løyse problem som verkar uoverkommelege.

Figurteaterframsyninga overraskar med si abstrakte, metaforiske og visuelt nyskapande form. Du kan sjå matematikk på eit interessant vis, og verda og naturen gjennom barna sine auge.

Framsyninga er basert på boka 365 Pingviner av Jean-Luc Fromental og Joëlle Jolivet.

Regi: Radosław Kasiukiewicz, Scenografi, dokker: Klaudia Laszczyk Musikk: Mari Kvien Brunvoll, Animasjon: Anna Maria Šalva. På scenen: Dominika Minkacz-Sira. Teknikk: Jon Eirik Sira, grafisk design: Klaudia Laszczyk, produsent: Dominika Minkacz-Sira

Del Innhald