Skip to the content

Dato: 14.02.2021

Tid: 13.00 - 13.30

Stad: Auditoriet

22. juli, ti år etter (digitalt)

Det har gått ti år sidan den dagen i 2011 vi alle hugsar. Dei fleste av oss minnest kor vi var og korleis det var å vakne dagen etter og høyre det ubegripeleg høge talet på omkomne, på skadde, og ikkje vite korleis vi skulle gå vidare etter dette.

Professor Ingvild Folkvord har i boka Stemmene etter 22. juli undersøkt dei ulike språklege  svara på terroraksjonen, med røysta som utgangspunkt. Diktrøystene, radiorøystene, røystene frå rettssalen, sakprosarøystene. Seier desse røystene noko om det samfunnet som gjerningsmannen ville øydelegge? Og korleis kan språket vårt klare å gripe det som skjedde? Ingvild Folkvord snakker med styreleder for Bergen internasjonale litteraturfestival Birthe Kåfjord Lange. 

Del Innhald