
Dato: 10.02.2021
Tid: 11:15 - 12:00
Stad: Auditoriet
Å miste seg sjølv
Samane er urfolket i Sápmi, som er eit område i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Likevel har dei blitt frårøva språk og kultur. Samiske barn blei tvinga til å gå på internatskule der dei lærte norsk, og der det var forbode å snakke samisk. I romanen Lappjævel skildrar Kathrine Nedrejord, sjølv samisk, korleis ein gut blir pressa inn den norske kulturen og til slutt føler han seg verken heime i det samiske eller i det norske. Forfattaren blir intervjua av elevar.
Aktuell bok: Lappjævel (Aschehoug, 2020)
Lukka arrangement for skular (blir òg strøymt)