Ulrik Eriksen
Ulrik Eriksen (f. 1974, Noreg) er medievitar frå Universitetet i Oslo. Sidan 2005 har han jobba som frilansskribent, blant anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv. Han har vore filmmeldar i Morgenbladet sidan 2009, og har dei siste åra òg vore samferdslekommentator der.
Hausten 2020 gav han ut boka Et land på fire hjul som fortel historia om framveksten av bilismen i Noreg og kva konsekvensar dette har hatt mellom anna for utviklinga av byar og tettstader.