Kwame Dawes
Kwame Dawes (f. 1962, Ghana) er forfattar av 22 diktsamlingar og fleire andre skjønnlitterære verk, kritikkar og essay. Diktsamlinga Nebraska kom ut i 2020. Dawes er Glenna Luschei Editor av Praire Schooner og underviser ved Universitetet i Nebraska og i MFA programmet ved Pacific. Han er leiar for African Poetry Book Fund og medstiftar av Calabash International Literary Festival. Dawes er president ved Akademiet for amerikanske diktarar og stipendiat ved Royal Society of Literature. Han har mottatt blant anna ein Emmy, Forward Poetry-prisen, eit Guggenheimstipend og den høgthengande Windham Campbell-prisen for poesi. I 2021 blir Dawes kurator og redaktør for American Life in Poetry.