Skip to the content
}

Kim Scott

Kim Scott (f. 1957, Australia) vaks opp sør på den australske vestkysten, og er stolt av å tilhøyre urfolksgruppa Noongar. For sin andre roman, Benang: From the Heart (1999), blei han tildelt dei gjeve prisane Western Australian Premier’s Book Award, Miles Franklin Literary Award i 2000, samt Kate Challis RAKA-prisen i 2001. For sin tredje roman, That Deadman Dance, blei han igjen vinnar av Miles Franklin Literary Award i 2011 og Western Australian Premier’s Book, i tillegg til Commonwealth Writers’-prisen. Scott arbeider som professor i skriving ved School of Media, Creative Arts and Social Inquiry ved Universitetet i Curtin. Den siste boka hans, Taboo, kom ut i 2017.

Del Innhald