Skip to the content
}

Inger Merete Hobbelstad

Sturlason

Inger Merete Hobbelstad (f. 1980, Noreg) er journalist og sakprosaforfattar. Ho har ein mastergrad i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo og har i ei årrekke jobba som kritikar og kommentator i Dagbladet. I tillegg har ho gjennom artiklar, bøker og foredrag vore oppteken av å formidle litteraturhistorie og kulturhistorie. 

Ho har gitt ut Å leve med Shakespeare (2016), ei essaysamling om William Shakespeare sine skodespel, og Årene med Elizabeth (2019), om Dronning Elizabeth II og den britiske kongefamilien. Ho er også medforfattar av Norske klassikere (2012). 

Hobbelstad fekk Arne Hestenes sin journalistpris i 2012 og Riksmålsforbundet sin gullpenn i 2018, begge for sitt virke som journalist.

Del Innhald