Skip to the content
}

Guri Hjeltnes

UiO

Guri Hjeltnes (f. 1953, Noreg) er historikar, journalist og forfattar. Ho er direktør ved Noregs senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar. Hjeltnes har doktorgrad i historie frå Universitetet i Oslo, og har tidlegare jobba som professor ved Handelshøyskolen BI.

Hjeltnes er særleg oppteken av norsk okkupasjonshistorie og har gitt ut fleire bøker, blant anna Hver fredag foran porten (1984, saman med Wanda Heger) og Barn under krigen (2000, saman med Berit Nøkleby).

I 1998 fekk Hjeltnes Norsk språkpris for sin «fremragende bruk av norsk språk i sakprosa» og for tredje og fjerde bind i verket Handelsflåten i krig 1939-1945, Sjømann: lang vakt (1995) og Krigsseiler: krig, hjemkomst og oppgjør (1997). 

Del Innhald