Skip to the content
}

Erna Brodber

Erna Brodber (f. 1940, Jamaica) er dotter av ein gardbrukar og ei førskulelærar og vaks opp på den jamaicanske landsbygda. Ho blei uteksaminert frå University College of the West Indies-London/University of the West Indies med ein BA i historie, ein MSc i sosiologi og ein Ph.D i historie. I mange år underviste ho ved sosiologisk institutt på University College of the West Indies, og ho har vore forskingsstipendiat ved Sir Arthur Lewis Institute for Social and Economic Research. Brodber har gitt ut seks skjønnlitterære og sju faglitterære verk, samt ei rekke artiklar i fagfellevurderte tidsskrift. Ho har hatt fleire stipendiatopphald i Europa og i USA, og har fått The Commonwealth Writers’ Prize for Canada og Karibien, samt fått Golden Musgrave-medalje, Prins Klaus-prisen (frå den nederlandske regjeringa), ein Order of Distinction frå den jamaicanske regjeringa, blitt døpt doctor of letters ved University of the West Indies, og har mottatt den prestisjetunge Windham-Campbell-prisen (frå Yale University). For tida jobbar Brodber med verket Searching for a Great Grand Mother: another history of Jamaica 1721–1952.

Del Innhald