Skip to the content
}

Diana McCaulay

Jonathan Chambers

Diana McCaulay (Jamaica) er miljøaktivist og prisbelønna forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa. Ho har gitt ut fire romanar – Dog-Heart, Huracan, Gone to Drift og White Liver Gal. Hennar nyaste bok er Daylight Come, som kom ut september 2020. Både Dog-Heart og Huracan var kortlista for Saroyan-prisen for International Writing, og Gone to Drift fekk andreplass i Burt Prize for Caribbean Young Adult Literature. Fleire av McCaulay sine noveller og sakprosatekstar har vore publiserte i tidsskrift som til dømes Granta, Jamaica Journal og Griffith Review. Ho fekk Hollick Arvon-prisen for sakprosa i 2014 for boka Loving Jamaica (endå ikkje gitt ut). I 2012 blei ho regional vinnar av The Commonwealth Short Story Prize for novella "The Dolphin Catchers". Meir nyleg hamna novella hennar, "Picking Crabs in Negril", på kortlista for V.S Pritchett-prisen I 2019. Hennar seinaste utgjeving, Daylight Come, fekk tredjeplass i Burt-prisen for karibisk Young Adult-litteratur. McCaulay sit også i redaksjonen til nettmagasinet PREE, og er dommar for Commonwealth Writers Prize i 2021.

Del Innhald