Skip to the content
}

Desiree McKenzie

Desiree McKenzie (f. Canada) er ein prisvinnande poet. Ho har vore leiar for Toronto BAM! Youth Slam og vunne Canadian Festival of Spoken Word. Ho deltok i Women of the World Poetry Slam i Texas, der ho plasserte seg blant dei 40 beste av 100 poetar, og blei ranka some ein av dei tre beste poetane i 2020 Canadian Individual Poetry Slam.

Poesien hennar har vore omtalt i den canadiske tv-serien Poetic License og brukt i selskapet Bentway sin kampanje Safe in Public Spaces.

McKenzie har jobba for organisasjonar som Unity Charity, JAYU, and Poetry in Voice. I 2020 fekk ho prisen JAYU iAM Arts for Human Rights Award som blir gitt til kunstnarar som har utmerka seg med arbeid der kunst og menneskerettar møtast.

Målet hennar er å dele poesien sin med verda, inspirere og la seg inspirere av historiene som omgir oss.

Del Innhald