Skip to the content
}

Courtney Stoddart

Courtney Stoddart (f. 1994, Skottland) er ein skotsk-karibisk diktar og utøvande kunstnar busett i Edinburgh. Arbeidet hennar tek føre seg rasisme, imperialisme og det å vekse opp i Skottland, og ho skriv med ein intensjon om å utfordre dei etablerte maktstrukturane i notida. Til trass for at ho berre har helde på sidan april 2019, har Stoddart opptredd både på nasjonale og internasjonale kunst- og litteraturscener. I juni 2019 deltok ho i BBC Radio 1xtra og i BBC Contains Strong Language Festival Word’s First Talent Scheme, der ho var ein av tolv finalistar. Seinare blei ho utvald til å vere med i antologien av Own It! London, redigert av Jude Yawson. Ho var også utvald til å representere Skotland under Flupfestivalen i Rio de Janeiro i oktober 2019.

Del Innhald