Skip to the content
}

Ane Hem

Skjalg Bøhmer Vold

Ane Hem (f. 1979, Noreg) er rettsteiknar, skribent og illustratør. Ho har jobba med tekst, grafikk, visuelle uttrykk og illustrasjonar i ei rekke norske nyhenderedaksjonar, deriblant NTB, Aftenposten og Klassekampen. Hem er utdanna i teikning ved Escola Joso i Barcelona og har studert estetikk og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo.

I 2020 debuterte ho med boka Et spørsmål om skyld, om hennar personlege erkjenningar i møtet med norsk rettsvesen. For denne har ho hausta gode kritikkar, og Klassekampen omtala boka som ei litterær oppleving, «spennende som en kriminalroman» og som eit «bidrag til diskusjonen om sakprosaens evne til å vekke debatt uten å trå grovt over moralske eller juridiske grenser».

Del Innhald