Dato: 06.02.2020
Tid: 20.30 - 21.00
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 100
Foredrag, kvar dag: Mitt kjære Damaskus
Syrarane kallar det al-azma, krisa. Det beskriv ikkje berre krigen i Syria, men òg det kolossale sosio-økonomiske samanbrotet i landet sidan protestane starta i 2011.
I dette foredraget, basert på boka Huset i Damaskus. En fortelling om Syria, som i februar kjem i norsk omsetjing, fortel den britiske journalisten og forfattaren Diana Darke korleis den arabiske våren i Syria enda med ein grusom krig, men òg korleis ein kvardag i krig – for kvardagen finst – artar seg.
Foredraget vil vere på engelsk.