Dato: 08.02.2020
Tid: 18:45 - 19:45
Stad: Auditoriet
Pris: 150
Blod, sveitte og skrift
Det er moglegvis berre eitt tema som er eit større kulturelt tabu enn kvinners menstruasjon: fråveret av den. Kvifor er overgangsalderen så stigmatisert?
Meksikanske Gloria Gervitz og amerikanske Mary Ruefle skriv seg gjennom livet: I 40 år har Gervitz skrive på langdiktet Migrasjonar, mens Ruefle har gitt ut ei rekke essays og diktsamlingar. Dei skriv om barndom og alderdom, sex og onani, blod og overgangsalder - med djupt alvor og vill humor. Gervitz og Ruefle møter litteraturviter og kjønnsforskar Kari Jegerstedt til ein samtale om litterære heitetokter.
Samtalen vil vere på engelsk.