Dato: 07.02.2020
Tid: 12.00 - 12.45
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 150
Å skrive om livet
Gjennom eit langt forfattarliv har Thorvald Steen særleg vore kjent for dei historiske romanene sine. Men dei siste åra har han henta stadig meir stoff frå sitt eige liv og familiehistorie, som i Det hvite badehuset og Det siste fotografiet.
Kvifor skrive fiksjon når ein skal fortelje om noko historisk? Og korleis kan ein skrive tett opp til sanninga når sjangeren er rekna som fiksjon? I denne samtalen med Berit Bareksten snakkar Steen om sjukdom, liv og røynd, og korleis litteraturen blir til.
Samtalen vil vere på norsk.