Skip to the content
}

Marit Eikemo

Marit Eikemo (f. 1971, Noreg) er ein essayist, romanforfattar og redaktør frå Odda.

Ho debuterte med reportasjeboka Her, no: Møte med unge menneske i 1999. Debutromanen hennar, Mellom oss sagt, kom ut i 2006. I 2011 vann den tredje romanen hennar Samtale ventar Nynorsk litteraturpris. Ho har også utgjeve ei essaysamling: Samtidsruinar.

Saman med Hilde Sandvik var ho redaktør for Syn og Segn, og ho har også vore festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda. Hennar siste utgjeving er novellesamlinga Hardanger (2019).

Del Innhald