James Byrne
James Byrne (f. 1977, Storbritannia) er poet, redaktør og omsetjar.
Han blei anerkjend av The Times som ei stigande stjerne innan britisk poesi i 2009, og bøkene hans har blitt omsette til ei rekke språk. Byrne har hatt ei internasjonal tilnærming til arbeidet som redaktør, og var med på å redigere den første antologien med burmesisk poesi som har blitt gitt ut for eit internasjonalt publikum, Bones Will Crow, i 2015. Han følgde opp dette med eit nytt redigert prosjekt, I Am a Rohingya: Poetry from the Camps and Beyond (2019).
Byrne var tidleg ute med å omfamne poesi på nett, og gjorde tidsskriftet The Wolf om til ei innflytelsesrik digital plattform for poesi frå heile verda. I si eiga skriving hentar han inspirasjon frå eit vidt spekter av kjelder. Hans nyaste samling, The Caprices, blei skriven med utgangspunkt i maleri av Goya.
Reading James Byrne is like gulping firewater shots of the world ... The extraordinary and deftly employed lexicon derives from everywhere.
Forrest Gander om Everything Broken Up Dances
This poet operates without a safety net, walking the tightrope of language between heart and mind
Penelope Shuttle om Blood/Sugar