Dato: 14.02.2019
Tid: 18:30 - 19:30
Stad: Auditoriet
Pris: 130/90,- (stud.)
Identitet og populisme
På rekordtid gjekk «identitetspolitikk» frå å vere eit heilt ukjent omgrep til å bli eit av dei mest brukte skjellsorda i den politiske debatten.
Sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen har i fleire år vore mellom dei fremste debattantane om samanhengane mellom identitet, politikk og populisme. Den danske forfattaren Carsten Jensen skriv i si siste bok Kjellermennesker om framveksten av populisme i Europa. Er det mogleg å vere populistisk politikar utan å spele på stereotypiar om opphav og identitet?
Hylland Eriksen og Jensen møtest til samtale under leiing av målarsvein og litteraturkritikar Jonas Bals.
Samtalen vil vere på norsk/dansk.
Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.