Dato: 16.02.2019
Tid: 21.15 - 22.15
Stad: Auditoriet
Pris: Heilhusbillett 250/190,– (stud)
Det vonde i litteraturen
Kva får ein forfattar til å ville gå inn i dei verste hendingane menneska kan utsetje kvarandre for? Og korleis gjer ein det? Er det fiksjonen eller sakprosaen som kjem nærast røynda?
Hakan Günday (Tyrkia), Helon Habila (Nigeria) og Juan Gabriel Vásquez (Colombia) og har i sine bøker, på ulikt vis, tatt steget inn i den mørkaste delen av tilværet. Dei møtest til samtale under leiing av professor i litteraturvitskap Gisle Selnes.
Samtalen vil vere på engelsk.
Heilhusbillett 250/190,– (stud)
Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.