Skip to the content
}

LitFestBergens stille leseklubb

 

LitFestBergens stille leseklubb

 

Vi relanserer LitFestBergens stille leseklubb!

 

Den siste onsdagen i kvar månad inviterer Bergen internasjonale litteraturfestival til ei stille lesestund i Fossestova på Litteraturhuset i Bergen. Vi tilbyr kaffe og te, og eit utval av bøker frå tidlegare festivalar er tilgjengeleg for utlån. Vi kjem også til å introdusere forfattarar som er aktuelle til neste festival 4–8 februar 2026 – så her får du moglegheit til ein snik-kikk på neste års program. All elektronikk legg vi i vår hendige festivalhatt mens vi les. 

 

Stad: Fossestova, Litteraturhuset i Bergen

Tid: kl 17-19

Datoar: 30. april 2025, 28. mai 2025, 25. juni 2025, 27. august 2025, 24. september 2025, 29. oktober 2025, 26. november 2025, 17. desember 2025 og 21. januar 2026

 

Del Innhald